Hødd avslutta 2017-sesongen på ein 6.-plass i 2.-divisjon avdeling 2. Det er svakaste plassering i divisjonssystemet etter 1950 (ifølgje Hødd-historikar Arne Flatin).

No hamna Hødd i ei forsterka 2.-divisjonsavdeling etter nedrykket og omlegginga av divisjonssystemet, men den dårlegaste sluttplasseringa på nesten 70 år er likevel skuffande. Og ein 6.-plass denne sesongen er ikkje godt nok.

Ikkje når målet før sesongen var å vere med i kampen om opprykket. Der var Hødd aldri i nærleiken. Allereie etter dei ti første kampane var Hødd i realiteten ute av opprykkskampen. Avstanden opp var allereie for stor.

Då var det lite hjelp i at Hødd berre tok tre poeng på dei seks kampane rett før og rett etter sommarpausen. Laget var plutseleg mykje nærare botnen enn dei var toppen av avdelinga.

Heldigvis har Hødd avslutta på ein positiv måte. Ti kampar på rad utan tap, der seks enda med siger, gir eit poengsnitt på 2,2 poeng per kamp. Hadde Hødd levert det gjennom heile sesongen, så ville ein vunne avdelinga med god margin. Hødd avslutta dermed sesongen med form som eit topplag, men totalen er likevel for svak.

På førehand varsla klubben at ein ønskte ”å ha to tankar i hovudet samtidig”. Målet var å både kunne kjempe i toppen, samstundes som ein bygde for framtida gjennom å gje fleire unge spelarar sjansen i 2.-divisjon.

”Vi er i ferd med å bygge eitt nytt lag” er ein kommentar som har dukka opp mange gongar i løpet av sesongen. Likevel var åtte av dei 11 som starta serieopninga borte mot Vard Haugesund også i A-troppen 2016. Borte mot Hønefoss, i kamp nummer 12, var første kampen der fleirtalet av spelarar som starta var ”nye”. Bygginga av nye Hødd har blitt synlegare utover i sesongen, og det er nok mange lokalt som har gledd seg over å sjå ei rekkje unggutar frå Ulstein kommune få sjansen mot slutten av sesongen.

Nokre har også fått viktige roller i laget. Bendik Rise har spelt det aller meste denne sesongen, og Daniel Eid ville truleg ha vore i nærleiken om han ikkje hadde mista ti kampar med skade. Også Eirik Franke Saunes har gjort mykje bra, og har etter kvart fått ein del sjansar på førstelaget. Alle tre frå den lovande 98-årgangen, der også fleire har banka på førstelagsdøra.

I tillegg har Ole Monrad Alme (22 år) tatt opp hanskane etter at Jan-Lennart Urke gjekk til AaFK, medan Eirik Haugan (19) og Henrik Breimyr (24) har blitt fast inventar i startellevarane.

Og det er mykje ungt og lovande i Hødd-stallen som avsluttar sesongen. Spørsmålet er om det på kort sikt er godt nok med ungt og lovande.

Vi veit allereie at Torbjørn Kallevåg og Robin Shroot skal spele andre stadar enn i Hødd neste sesong. Torbjørn Kallevåg har tatt store steg sidan han kom til Hødd og har vore klubben sin viktigaste spelar denne sesongen. Robin Shroot skapte rabalder før sesongen, men har bidratt på ein positiv måte etter at låneopphaldet i Viking vart avslutta.

Underteikna trur begge må erstattast av kvalitetsspelarar dersom Hødd skal kunne halde fram haustens positive trend også i 2018.

Det handlar ikkje berre om at det kanskje er for tidleg å gje så mykje ansvar til lovande unggutar, men også om å sende eit signal.

Eirik Haugan har spelt så bra at Hødd ønskjer å forlenge kontrakten hans. Til Sunnmørsposten seier han at han ønskjer å sjå litt på Hødd si satsing før ei forlenging kan vere aktuelt. Det må Hødd merke seg.

Robin Shroot peikar også på at det manglar litt «guts». At det tydlege signalet om at Hødd skal vere ein toppklubb og om at ein verkeleg ønskjer å satse har mangla.

I 2019 er Hødd 100 år. Ein ny sesong i «ingenmannsland», midt på tabellen i 2.-divisjon, vil vere eit trist bakteppe på veg inn i jubileumssesongen. Det var ikkje unaturleg at Hødd fekk ein mellomsesong etter nedrykket i fjor, men kor lang er vegen frå ein mellomsesong i 2.-divisjon til at ein er eit andredivisjonslag?

Hødd må gå for opprykket i 2018. Skal dei få til det så må ein tore å seie det, og ein må tore å satse på det. Kanskje viktigast er det at Sindre Eid får ein meir føreseieleg situasjon enn i år, der stallen ikkje var komplett før i juli. For sjølv om Hødd er vane med å bygge nytt, så tek det tid å få på plass eit fundament som er solid nok.