Diskusjonen om statskyrkjeordninga er no komen i gang. Ei gruppe som ser ut til å ha mange bak seg, meiner at vi må halde fram med statskyrkje for å oppretthalde ei open og inkluderande folkekyrkje. Bak argumentasjonen til denne gruppa ser det ut til å liggje ei sterk frykt for at dei såkalla mørkemennene vil ta over kyrkja om vi ikkje held fram med den ordninga vi har i dag. Ein fryktar at alle kyrkjelege stillingar vil verte stengde for kvinner og homofile, at berre uskilde og kyrkjegifte får døypt borna sine, at berre salige får være fadderar og at berre bornlause og uskilde får gifte seg i kyrkja. Frykta er tydelegvis at vi kan ende opp med ei kyrkje som berre har plass til dei som allereide er så kristelege og perfekte i sitt liv at dei ikkje lenger treng korkje frelse eller tilgjeving. Den norske stat har sin eigen religion. Dette er «Den evangelisk-lutherske Religion» (sjå grunnlova §2). Kongen og minst halve regjeringa må høyre til denne religionen og pliktar å «haandhæve og beskytte denne.» (grunnlova §4 og §12). Den norske stat sin religion styrer seg sjølv i omtrent eitt og alt. Omtrent einaste unntaket er at regjeringa avgjer kven som skal verte biskop - ikkje heile regjeringa, men det fleirtalet av den som må høyre til statsreligionen. Det var denne typen regjeringsvedtak som i si tid gjorde at Stålsett og Køhn vart biskopar. Det at regjeringa vel leiarane for den norske kyrkja, inneber ei viss politisk styring av religionen. Dei som fryktar mørkemennene meiner at det er denne politiske styringa som sikrar ei open og inkluderande folkekyrkje. Eg meiner dette standpunktet og resonnementa bak gjev grunn til mykje ettertanke og refleksjon. Er det rett at ein religion skal vere politisk styrt? Eksisterer desse mørkemennene og er dei verkeleg så mange og sterke at dei vil ta over kyrkja om politikarane ikkje lenger skal velgje biskopane? Må vi oppretthalde heile statskyrkjeordninga for å halde mørkemennene unna? Om ein no verkeleg vil ha ei viss politisk styring av religionen, er det då likevel naudsynt at staten må vedkjenne seg ein bestemt religion? Kva om det norske folk tok litt meir ansvar for sin eigen religion og deltok i det kyrkjelege demokratiet og i kyrkjeleg arbeid – ville ikkje det vere sterkaste garantien for ei levande folkekyrkje? Kan det folkelege engasjementet kring kyrkja stimulerast om vi tek vekk statskyrkjeordninga? Eg meiner frykta for mørkemennene er sterkt overdriven. Om mørkemennene i det heile tatt finns, er det i alle fall temmeleg få av dei. Dei fleste har nok for lenge sidan gått ut av den norske kyrkja og funne seg til rette i andre trussamfunn. Om det skulle vere nokon att i den norske kyrkja, kan ein trøyste seg med at det nok vert færre av dei etter kvart som åra går. Eg er av natur optimist og har tru på menneskja. Eg er overtydd om at fjernar vi statskyrkjeordninga så vil det norske folk ta ansvar for sin eigen religion. Vi vil då få ei formidabel revitalisering av det kyrkjelege miljøet ut frå eit folkeleg engasjement. Eg ser store prinsipielle problem med statskyrkjeordninga. Etter mitt syn er det feil at politikarar skal styre religionar. Vidare meiner eg det er umogeleg å sameine trusfridom med statsreligion. Eg kan i alle fall ikkje sjå at det skulle vere naudsynt å oppretthalde heile statskyrkjeordninga sjølv om ein vil ha ei viss politisk styring med religionen. Det er staten si oppgåve å garantere for innbyggarane sine fundamentale menneskerettar. Det er faktisk berre staten som kan ta hand om denne oppgåva. Ein av rettane staten skal garantere er trusfridomen, herunder retten til ikkje å ha nokon religion. Staten kan vanskeleg gjere dette på ein truverdig måte når den sjølv har sin eigen religion. Det er i alle fall heilt umogeleg for ein stat med ein misjonerande statsreligion å garantere trusfridom – trusfridom kan ikkje eksistere i eit samfunn der statsmakta vert nytta til misjonering til fordel for ein bestemt religion. Vi veit alle at den norske statsreligion er misjonerande – misjonspåbodet gjeld alle som vedkjenner seg den evangelisk-lutherske religion. Den norske stat pliktar soleis å misjonere til fordel for denne religionen. Dette vert underbygd av at statsoverhovudet (Kongen) og meir enn halvparten av regjeringa pliktar å «...bekjende sig til den evangelisk-lutherske Religion, haandhæve og beskytte denne.» Det er viktig å ha i tankane at det særleg er mindretalet, dei som ikkje høyrer til statsreligionen, som treng at staten sikrar dei ein reell trusfridom. Ein hovudregel er at det er den svakaste parten si oppleving som gir beste målestokken på om noko er rett og rettferdig. At dei fleste medlemar av statskyrkja tykkjer at ordninga er grei og at dei finn seg godt til rette i den, har difor mindre å seie når det gjeld å måle kor vidt staten oppfyller plikta si til å sikre reell trusfridom. Som redaktøren av lokalavisa er inne på i leiaren sin laurdag 27. januar, handlar diskusjonen om statskyrkja eigentleg om kva slags stat vi vil ha. Skal vi ha ein stat som freistar å styre religion og tru, eller skal vi ha ein stat som lar trusamfunna vere i fred og sikrar dei retten til å styre seg sjølve? Skal vi ha ein stat som gjev privilegiar til ein bestemt religion og freistar å utbreie denne til så mange som mogeleg, eller skal vi ha ein stat som garanterer innbyggjarane sin trusfridom og let dei gjere sine religiøse val utan statsinnblanding? Vi har berre ein stat, og vi kan ikkje ha anna enn ein stat. Denne eine staten må gje rom for oss alle, handsame oss alle likt og sikre oss alle våre grunnleggjande rettar. Håkon Waage