Også Ola Borten Moe, energipolitisk talsmann i regjeringsparitet Senterparitet, sin artikkel i regionavisene siste veka bør få Møre og Romsdal til å gå samla inn for å trekkje til oss dei første gasskraftverka med CO2 handtering – og dermed også bli fremst i rekkja når det gjeld den teknologiske kunnskapen som seinare kan seljast til heile verda. Vedtaka frå EU om reduksjon i utsleppa kjem no fordi alle ser at vi er nøydde å ta alvorleg fatt i utfordringa med global oppvarming før det er for seint. Land som Kina og India kjem opp no med ein levestandard mellom folk som gjer at krav om energi og kampen om verdas energi kjem til å auke formidabelt. Då kjem vi også til å måtte betale for å reinse gasskraft- og kolkraftproduksjon i langt sterkare grad enn vi har gjort hittil. Dei store internasjonale bedriftene ser no potensiale i å vere først ute med miljøteknologi – også ut i frå ein økonomisk synsstad – rett og slett fordi dei ser at dette må kome – og at den som er først ute har store økonomiske fordelar. Då må vi i Møre og Romsdal som har dei beste naturlege føresetnadene for å få til reinsing av gasskraftverk vere snare å gripe sjansen . Norge har med sin rikdom også verdas beste sjanse til å utvikle og ta i bruk den teknologien som skal til for at vi kan levere verdas reinaste gasskraft frå Norge og frå Møre og Romsdal. Fylket kan dermed også bli storleverandør av reinseteknologi. Med dagens kraftprisar er gasskraft per i dag ikkje lønsamt verken med eller utan CO2 -reinsing. Dermed må vi få regjeringa til å bruke pengar på det i teknolgisk samanheng for å få eit vidare perspektiv på produksjonen enn kraft som ikkje er konkurransedyktig i pris. Dannmark som var tidleg ute og utvikla moderne vindmøller, sel i dag vindmølleteknologi som er mykje meir verd enn den vindmøllekrafta dei produserer. Vindmølleteknoloig har vorte ein viktig eksportartikkel i Danmark. Er vi for mette til å tore å satse på nyvinningar og nye typer arbeidsplassar her i dette landet? Gunn Berit Gjerde Fylkespolitikar for Venstre