Denne månaden er det plast i havet som har prega mykje av sosiale media, TV-skjermen og avisene. Det forgår ryddeaksjoner over heile landet. Det er arrangert strandrydding, muligheiter for å tene pengar til lag og organisasjonar så lenge ein plukkar søppel og det har omtrent blitt kult å samle plast. Kva gjer at vi plutselig no fokuserer så mykje på plast i havet?

Programmet Planet Plast som blir no sendt på NRK, tek opp det mest voksande miljøproblemet i vår tid. Her tek programleder Line Elvsåshagen oss med til ulike bedrifter og til forskarar som jobbar med og for å forhindre spreiing av plast. Men kvifor havnar så mykje plast i havet når vi veit det er så skadeleg?

På jordkloda havnar det 15 tonn plast kvart minutt, døgnet rundt, ut i havet. Plasten går ikkje til havet av seg sjølv, det er det vi som forbrukarar som bidreg til. Omtrent alt vi kjøper er laga eller pakka i plast. Det er ikkje problemet i seg sjølv. Problemet oppstår i det vi kastar ispapiret på bakken eller let vere å pante eller kaste colaflaska du kjøpte i går. For plast i seg sjølv er eigentleg eit genialt hjelpemiddel for å forlenge haldbarheita på produkt og skape gjenstandar som held over lengre tid. Det er også årsaka til at det tek så lang tid å bryte ned. Ei flaske coca cola tek 500 år å bryte ned i havet.

Eg skal ikkje påstå at eg er noko betre enn nokon annan, for eg har latt vere å plukke opp søppel eg har mista på bakken, eg har «gløymd» igjen søppel på stranda når vennegjengen har vore og grilla og eg har kasta søppel ut bilvindauget når vi har vore på bilferie. Det er ingen som kjem og ryddar opp etter meg og dermed ingen som kjem og ryddar opp etter deg heller.

Eg trur og veit at vi klarer å ta smarte val som forbrukarar så lenge vi har gode og enkle løysingar. Vi ser i programmet Planet Plast at programleder Elvsåshagen snakkar med politikarane om å heve plastposeavgifta til for eksempel 50 kroner. Det er ingen av dei som vil gå med på det, det trur eg handlar om at vi heller bør legge til rette for smarte val for forbrukarane. For eksempel er det no ein aukande trend med å ta med tøynett eller kjøpe det i butikken når ein er på handletur. Andre tiltak som vi forbrukarar kan ta, er å be baristaen på kaffebaren om å ta kaffien i en fleirbrukskopp i staden for i eit pappkrus. Burde det kanskje bli billigare med kaffe for dei som har med eigen kopp? Muligheitene er mange, vi må berre ta dei i bruk.

Det som skremde meg mest i serien om Planet Plast var å sjå det som blir skylt ned i do. Her kan det nemnast i fleng; Q-tips, tampongar, bind, kondomar og hår. Dette her er noko mange av oss tek som ei sjølvfølgje kan kastast i do. Realiteten er at dette ikkje blir brutt ned, sjølv om ein kanskje skulle tru det. I serien fortel ein som jobbar i kloakken at det til slutt vil fylle seg opp og gå rett ut i havet om dei som jobbar der ikkje får tømt det i tide.

Eg er glad NRK tek ansvar og set ord og bilete på problematikken rundt plast i havet. Kvalen som blei funnen død utanfor Sotra med 30 plastposer i magen er også noko som sette ei vekkjar i det norske folk. No må politikarar, produsentar og vi som forbrukarar ta eit kollektivt ansvar for å redde kloden. Innan 2050 kjem det til å vere meir plast i havet enn fisk om vi ikkje gjer noko no. Framtidas generasjonar skal også kunne leve på denne jorda, no er det på tide med eit taktskifte for miljøet. Det taktskifte må vi ta i fellesskap, for det handlar om vår framtid.