Eg fylte nyleg 50 år. Tida går fort. For meg handlar det foreløpig ikkje så mykje om fysisk forfall som erkjenninga av eiga midlertidigheit. Kva for historiske avtrykk gjev kvar enkelt av oss? Korleis kan vi sette vårt vesle preg på vår samtid? Kva er eit meiningsfullt liv?

Slike store spørsmål er det sjølvsagt nesten umogleg å svare veldig kort på. Eg vil i denne vesle kommentaren for min eigen del bringe litt lys over to aspekt ved dette.

Det første handlar om det å sørge for at man har eit meiningsfullt liv i samtida. Mi samtid er sjølvsagt djupt prega av ein slags gullalder for det norske folk. Norge blei tungt industrialisert etter andre verdskrigen, den disiplinerte oppbygninga gav også avkastning då oljen blei oppdaga i Nordsjøen. Oljeindustrien fekk økonomien til å blomstre. Men pengane har i heile denne perioden i betydeleg grad blitt ført tilbake til folket i form av velferdsgoder forvalta av ein omfattande velferdsstat som gjer at Norge plasserer seg svært høgt på alle levekårsstatistikkar.

Vi er i tillegg ein del av ein vestallianse. Desse banda blei styrkt under og etter krigen, der det gjekk opp for oss at dei mest naturlege relasjonane var vestover, mot England og USA, men også politisk mot dei kontinentale europeiske stormaktene Tyskland og Frankrike. Dermed er vi også i kjernen av drivkreftene som er sentrale i globaliseringa. Sentrale trekk ved globaliseringa er utøkt verdshandel og effektivisering gjennom teknologisk innovasjon, noko som gjer det mogleg å nå andre sida av jorda med eit tastetrykk. Teknologien og kulturen rundt den ville vere mi bestemor og eller min bestefar, både i Ranvika og på Sunnmøre, fullstendig framand. Dei siste 100 åra har gitt enorme samfunnsendringar.

Thomas L. Friedmann, spaltist i New York Times, skriv i si siste bok om «Akselerasjonens era» (Age of Acceleration). Boka trekkjer fram fleire av dei enorme endringane globaliseringa gjev, og nokre av konsekvensane for kvart enkelt menneske. Globalisering og verdshandel blant anna gjennom internettet gjer at tre sentrale grunnelement får styrkt kraft: Økonomi, teknologi og miljø. Hovudpoenget er at dei i samspel får større kraft enn kva som er nedfelt i kvar enkelt av dei. Idet desse tre elementa kjem saman i eit felles globalt system aukar akselerasjonen. Litt enkelt kan man seie at teknologi effektiviserer produksjon og fører til økt handel og ein større økonomi, men at dette også fører til forureining og store utfordringar for miljøet. Dette lar seg ikkje enkelt stoppe, ifølge Friedman må løysningen ligge innanfor den kulturen som har skapt det. Derfor må vil lære meir om teknologi, om digital økonomi og om digitaliseringa si effekt på miljøet. Korleis skal kvar enkelt av oss halde tritt med denne utviklinga?

Ifølge Friedman kan vi ikkje i den sjølvgalopperande utviklinga lene oss tilbake og nyte lågt hengande nedfallsfrukt. Vi må tre inn i navet av dette systemet. Kvar enkelt må lære seg økonomi. Alle må meistre Teknologi. Vi må erkjenne miljøutfordringane. Ja, ikkje berre lære, meistre, og erkjenne; vi må også vere i stand til å bruke denne kompetansen litt betre enn konkurrenten. For kvar runde med Candy Crush sløser vi kostbar tid, hevdar den noko strenge Friedman. Dette betyr at utdanning ikkje blir noko man gjer seg ferdig med ein gong i ungdommen og tidleg voksen alder. Vidareutdanning og omskolering blir standarden livet

Eit slikt krevjande system er nærast umogleg å handtere dersom ein ikkje er motivert til det. Man må vere endringsvillig. Ein må kontinuerleg utfordre seg sjølv, og heile tida bryte ned barrierar. For å få til dette må man vere kunnskapstørst. Søken etter kunnskap må vere ei indre drivkraft. Ein tredje komponent er livsglede. Man må vere nysgjerrig på nokre av livets mange mysterium. Mitt doktorgradsprosjekt går mot slutten. Det å studere digital innovasjon i det turbulente og tungt mediedisponerte helsevesenet er krevjande. Endå meir krevjande er det sjølvsagt for helsevesenets mange dyktige aktørar. Digitaliseringa krev ein enorm innsats frå absolutt alle arbeidsgrupper: politikara, strategar, sjukepleiarar, legar, støttepersonell som reinhaldarar, portørar, sekretærar, ambulanselegar, og ikkje minst pasienten. Digitalisering gjev nye sjukehus, nye arbeidsformer, nye måtar å operere på, og ein meir aktiv, meir krevjande og kvalitetsbevisst pasient. Å studere slike komplekse system handlar midlertidig om noko av dette: finne livsglede. Vere kunnskapstørst. Forsøke å gjere krevjande og bratte læringskurver til noko meiningsfullt. Det moderne stresset kan midlertidig kanskje lindars noko om det knytes til noko meir grunnleggande. Tradisjonen.

Det er det andre aspektet i denne kommentaren. I mine auge handlar den historiske relasjonen til eigen familie, ikkje om å sjå seg sjølv som unik, men om å vere trygg på eige opphav og eigen kultur. Samt at livet man har i nåtida er godt å leve. Den britiske sosiologen Anthony Giddens hevdar at ei slik grunnleggande tryggleik gjev oss styrke til å sjå den same dimensjonen hos medmenneska. Tryggleiken på seg sjølv treng ikkje å vere ein konkurransefaktor som skaper konflikt, men ein grunnfaktor som gjer ein meir i stand til å vere raus og utåtvendt. Ein måte å oppnå denne tryggleiken på er å ha sansen for sitt eige opphav, vere glad i sin eigen familie og der man kjem ifrå.

Sunnmørsbunaden eg nyleg kjøpte og brukte på 17. mai er berre ein liten faktor i denne samanhengen, men den er også eit element i den historiske relasjonen og tradisjonen og eit bidrag til den grunnleggande følelsen av samhørigheit. Likevel er eg ingen bunadspurist. Bunaden er med unntak av sokkane, som er strikka av mi mor, sydd i Kina, rett nok med stoff frå Norge. Det gjorde at eg sparte 20.000 kroner. Sunnmøring der også, altså.

Egil Øvrelid,

Doktorgradsstipendiat, Institutt for informatikk, Universitetet i Oslo.