Alt går ikkje som planlagt. For nokre veker sidan tok eg på meg oppgåva å bake foccaciabrød til barnebarnet sin konfirmasjon. Dei skulle sjølvsagt vere både ferske og gode. Sidan konfirmasjonen skulle vere i Spjelkavik kyrkje klokka 11.30 på søndagen, tenkte eg det var lurt å setje ei deig som skulle langtidshevast.

Laurdag morgon, før eg reiste til Fiskerimuseet i Ålesund for å hjelpe til med å pynte festlokalet, rigga eg meg derfor til på vaskerommet. Kjøkenmaskinen eg har arva etter svigermor vart leita fram frå djupna i eit skap, og foccaciaoppskrifta som eg fann på nettet, vart finlest både ein og to gonger. Eg dobla alle ingrediensane bortsett frå gjæra, og let kjøkenmaskinen gå på full dryling i 12 minutt, akkurat slik det stod i oppskrifta.

Nøgd med eigen innsats så langt frigjorde eg eltekroken frå bakstebollen, og sette deiga til heving oppe på vaskemaskinen, med eit lag Gladpack og ein handduk lunande på toppen.

På ferja over til Sulesund tok eg meg ein kaffi og ein is, og tenkte at ideen min med å langtidsheve deiga var genial. Ho kunne stå der og godgjere seg medan eg var i Ålesund, og så kunne eg bake ut og steike foccaciabrøda seint laurdag kveld. Ferskare stod det ikkje i mi makt å få dei, for konfirmasjonen skulle skje søndag klokka 11.30.

På Fiskerimuseet flytta vi på bord, bar til stolar, la på dukar og danderte med friske blomster. Konfirmanten var sjef, og når ho var nøgd, så var pyntekomiteen det også.

På ferja heim over Sulafjorden kjende eg at eg var litt sliten, og eg gledde meg til å slappe av framfor TV-en etter at eg hadde baka ut foccaciabrøda.

Men det vart lite TV-titting.

Då eg opna døra til vaskerommet var synet som møtte meg eit slags monster. Ei glinsande grå masse som hadde pressa seg gjennom plasten og handduken, blåse seg opp over bakstebollen, deretter sige ned på toppen av vaskemaskinen og vidare i fritt fall nedover langs fronten og i retning golvet. Deiga minte meg om ein abstrakt isbjørnskulptur, og sidan journalisten i meg framleis sit i ryggmargen, tok eg foto av «verket» og la det ut på facebook. Det kom mange svar, og frå sjølvaste Gunda «Alt godt»-Djupvik fekk eg det rådet at eg skulle prøve å samle massen opp att i bollen, slå deiga godt ned, heve litt på nytt, og bake ut leivane.

De skal tru meg, eg prøvde verkeleg. Og medan TV-kvelden gjekk mot sitt aller siste program, fekk eg leivane i omnen. På akkurat den temperaturen og den tida som stod i oppskrifta.

Problemet var berre at dei fire leivane eg tok ut frå varmluftssystemet, var fire steikeplatestore kavringar. Halve konfirmasjonsselskapet hadde garantert knekt tenner viss dei hadde prøvd seg på desse «foccacia»-brøda.

Og kva vart løysinga: Etter å ha kome oss over til fastlandet søndag morgon tråla vi Kiwi-butikkane i Spjelkavika, Gåseide og Ålesund sentrum i håp om å få kjøpt foccacia, men nei, ingen hadde. «Prøv eitt av hotella», tikka det inn på melding frå ei venninne. Eg takka for tipset og ba husbonden sette kursen rett mot Scandic ved parkområdet. Etter å ha lagt fram nauda mi i resepsjonen, fekk eg fritt leide opp til kjøkenet, og der låg dei forjetta leivane nærast og venta på meg.

«Kor mange du vil ha?» spurde kokken.

«Fire», svara eg.

«Det blir 600 kroner», sa kokken.

Eg smilte og punga ut med Visa-kortet på direkten.

På veg ned trappa slo det meg at focaccia-brøda var svindyre.

Men eg trøysta meg med at eg hadde halde lovnaden min.