Skulestart:

– Du er god nok som du er

Foto: Daniel Jędzura/123rf.com 

Du er akkurat god nok slik du er. Sjølv om du ikkje får seksar på kvar prøve. Sjølv om du ikkje har kjøpt alle kleda dine på merkebutikk.

Kommentar

Kjære deg som no har starta på skule. Anten om det er for aller første gong, på ny skule eller berre starten av enda eit nødvendig år i skulegongen. Kanskje er alt nytt og spennande, kanskje har du fått ein ny elev i klassa eller so er det akkurat slik du hugsa det frå før sommarferien. Likevel står du no ovanfor noko av det som kjem til å vere ein stor del av livet ditt.