Kva betyr det å vere raus?:

– Ver litt raus då, mamma

handavtrykk: Dette veggbildet vart laga av elevar og tilsette ved Ulsteinvik barneskule under miljøveka med tema «Ver raus!». Foto: Kari-Janne Ljones Kulø  Foto: Kari-Janne Ljones Kulø

Kommentar

Det ligg ikkje heilt naturleg for oss sunnmøringar å vere rause. Vi er vel meir kjende for å vere gjerrige og påhaldne. Den meir positive måten å sjå det på er at vi er måtehaldne og flinke til å få mykje ut av lite. Som liten kom eg gjerne heim frå ferie med meir pengar enn eg hadde då eg reiste; eg hadde nemleg samla og panta så mange flasker. Å vere raus med skryt og lovprising har heller ikkje vore sunnmøringen sin måte. Dei hermar etter han som skulle halde takk-for-maten-tale i eit bryllaup. Rettane var mange og gode, og det var ikkje spart på noko. Etter middagen reiste sunnmøringen seg opp, god og mett og tok ordet: “Nei, ditte va no ikkje so verst!” Så langt kunne han altså strekke seg, men ikkje lenger.