Kommentar:

Murphys lov og makrell i tomat

Ikkje berre enkelt: Å opne ei boks med makrell i tomat kan vere ei av livets store utfordringar. FOTO: WIKIMEDIA COMMONS 

Kommentar

Det var ein mørk og kald dag i slutten av januar. Sol og plussgrader fortona seg som vage minner. Vinteren er lang og kald i Oslo. Mørkt når du står opp og mørkt når du kjem frå jobb. Tørr hud, gusten ansiktsfarge og hyppige forkjølingar følger med. Då må ein sørge for ein ting: Å få i seg nok D-vitamin og omega-3. Det er mange måtar å dekke behovet. Ein smakfull ein, er ei brødskive med makrell i tomat. Eg har vore flink å drikke tran heile livet, men det er litt lite delikat. Dessutan kjem det alltid ein real tran-gurp i løpet av dagen, når du minst ventar det. I møte med ein kunde. Eller på ein fullstappa trikk.

Alle som har ete makrell i tomat har erfart liknande. Det er lett å grise, for å seie det forsiktig. Om det finnast ein situasjon der Murphys lov vil slå til, er oddsa små for at det kan gjelde inntak makrell i tomat. I følge Wikipedia, postulerer Murphys lov at: Ting vil gå galt uavhengig av situasjon dersom gitt moglegheita. I utgangspunktet synes eg det er ei veldig pessimistisk lov, men all mi livserfaring tilseier det same. Ting går galt, alt tek lengre tid enn du trur og det aldri så enkelt som fyrst estimert.