Budsjettarbeid i Høddfotballen:

Julegåve på overtid?

Kommentar om det viktige arbeidet som blir gjort for å kome i hamn med Hødd-budsjettet.

Vinterstille: Det er ikkje mykje fotball å sjå på Høddvoll desse mørke desemberdagane, men det blir gjort ein svært viktig jobb med å få på plass neste års budsjett. Kjem styret og administrasjonen i mål med arbeidet før jul?  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

"Kor mange av spelarane vil seie ja til å gå ned i løn for å gjere same jobben som i 2018? Kor mange av dei tilsette, på sport og i administrasjonen, vil akseptere det same?"

Kommentar

Juletreet er på plass, julenissen er klar for å møte ungane på FFO, men julestemninga på Høddvollhuset kunne ha vore mykje, mykje betre. For mange av dei som har sitt daglege virke i klubben, ser ein ut til å gå inn i ei usikker juletid.