No er det berre å leite fram nål og tråd.

KOMMENTAR: Årsmøtet i Hødd var splitta på midten. No må noko gjerast for å få kreftene i klubben til å trekke i same retning.

Årsmøtet i Hødd var splitta på midten i spørsmålet om leiar i fotballgruppa. Ivar Morten Normar vann leiarvalet, men må gjere sitt for å samle klubben i tida framover.  

Kommentar

Tysdag kveld vart Ivar Morten Normark valt som fotballformann i Hødd for eitt nytt år. Det skjedde på dramatisk vis, då Normark fekk 50 av 99 stemmer på årsmøtet i IL Hødd. Motkandidat Bård Dalen, tidlegare fotballformann i klubben, fekk 49.