Malaika-prosjektet:

Tankar før avreise til Kenya

Kommentar:

kenya: Ulstein vidaregåande skule er med i Malaika-prosjektet, i samarbeid med North Partnership Aid. Elevane samlar inn pengar til å bygge ein barnelandsby. Foto: Sveinar Kleive  Foto: Sveinar Kleive

Kommentar

På skulen min held vi på med Malaika-prosjektet, som er eit samarbeid vi har med North South Partnership Aid. Borgund, Haram og Spjelkavik VGS er og med på prosjektet. Vi har Malaika-prosjektet i staden for OD-dagen, og da samlar elevane ved UVS inn pengar som går til å byggje ein barnelandsby i Kenya, Malaika Childcare Villages. Kvart år får to elevar og ein lærar frå medlemsskulane tilbodet om å reise ned til Kenya i Voi, og i år har eg vore så heldig at eg skal få reise.