Om demokrati og lokalpolitikk:

Å sitje heime bak eit tastatur og rakke ned på andre, er både trist og feigt. Eg synest heller at alle dei som gir av tida si til fellesskapet fortener all ære

Lokalpolitikk –Mitt ynskje er at lokalpolitikarane våre klarer å framheve sine eigne politiske løysingar utan å rakke ned på andre sin politikk og at diskusjonane held seg til sak og ikkje person, også på nett, skriv Gunhild Snipsøyr. Dette bildet er frå Ulstein kommunestyre i desember i fjor.  Foto: Arkiv.

Kommentar

Etter kvart har eg vore med i nokre valnemnder og det er ingen takknemleg jobb. Folk seier helst nei om dei kan. Og eg er ein dårleg utfordrar som tek eit nei for eit nei, og viser stor forståing for at mange svarer nettopp det; nei. Eg svarer som oftast nei sjølv. Folk oppgir gode grunnar og mindre gode grunnar for å svare nei, men dei fleste prøver seg på ei grunngiving. Overraskande mange menn skuldar på kona, men eg har til gode å oppleve at ei kvinne skuldar på mannen. “Kona vil ikkje at eg skal”, eller rett og slett “Eg får ikkje lov av kona”, er ikkje eit uvanleg svar. Dersom ei kvinne hadde svart slik, hadde eg tenkt at ho ikkje levde i eit heilt sunt forhold, medan når ein mann svarer slik lurer eg på om han er ein skikkeleg tøffelhelt. Eg bør nok arbeide litt med fordommane mine der.