Press blant unge:

– Du må våge å vere deg sjølv

Foto: Sergey Nivens / 123RF.com 

Kommentar

Når vi pratar om press, er det ofte ungdom som er i sentrum. Press blant unge er noko som oppstår over alt, og det er ikkje mogleg å ikkje få det med seg. Med tanke på press, er det kanskje jentene det blir snakka mest om. Kroppspress, kjøpepress, merkepress og press rundt idrett og skule, er noko du kanskje har høyrt om rundt dette temaet. Er det lurt at det blir prata så mykje om, eller bør det vere tabu? Er dette berre rundt jenter, eller har gutar også press? Kan vi minske dette problemet?