Oldeforeldre i dag toler både lyd og trekk

Det er Kari Brandal som har skrive kommentar denne veka.

Noko har skjedd: Oldeforeldre brukar nettbank, er på Facebook og sender Snap dersom dei blir forseinka til kaffiselskap. Foto: 123RF/Mark Bowden 

Kommentar

Det blir sagt at barnebarn er livets dessert. Oldebarn er kanskje den ekstra porsjonen du tar etter at du eigentleg er forsynt, berre fordi det er så godt at du ikkje kan la ver. Men jammen er det godt å vere oldebarn også. For ein bonus. For ein rikdom.