Heime bra, toalettet best

RO&FRED: Toalettbesøket kan vere eit fredfylt avbrekk i ein travel kvardag. 

Kommentar

Denne teksten handlar om mitt favorittrom i eit kvart hus – dassen. Grunnen er litt ubehageleg og tidvis skambelagt å snakke om: Eg elskar å gå do. Så enkelt, så kontroversielt. Det er ikkje eit tema dei fleste av oss likar å snakke om. I all fall ikkje eg. Eg kan til nød opplyse om at eg skal på toalettet, men ikkje kva eg skal der. Det er ingen andre si sak. Berre mi (som eg no skriv aviskommentar om). Ja, enkelte informerer, i detalj, om kva ærendet går ut på, kor lenge vi kan rekne med at dei er borte og kor lenge dei har gledd seg til besøket. Når dei er ferdige, gir dei ein grundig og skildrande rapport frå opplevinga. Då vender eg det døyve øyret til.