Lat oss snakke om vêret

Kafka på stranda: Det passar meg godt med sol og varme om eg kan ligge på stranda med ei god bok og ete is utan andre planar enn å ligge på stranda med ei god bok og ete is. Foto: Dmitry Travnikov/123rf.com 

Kommentar

Eg hadde tenkt å prøve på å skrive noko klokt, kanskje noko om valet, sidan det berre er nokre få dagar til valdagen. Dessverre har eg ikkje opplevd årets valkamp særleg inspirerande. Mykje tid og mange ord har etter mi meining vore brukt på små og marginale saker. Sidan eg ikkje er så oppteken av verken bompengar eller eigedomsskatt, vel eg heller å skrive om veret. Veret er eit tema ein alltid kan ty til. Nordmenn flest er glade i å snakke om veret. Kven har ikkje opplevd at veret har vore redninga i ein samtale som har gått i stå? Fint ver, dårleg ver, kaldt ver, varmt ver, alt slags ver kan brukast om ein prøver å halde liv i ein samtale, eller altså som i dette tilfellet; fylle ein kommentarplass i lokalavisa.