Klimaendringane:

– Vi må ta oss saman no!

kommentar

Stik hovudet i sanden: Mange menneske ser ikkje problema med klimaendringane, eller dei ønskjer ikkje å sjå dei.. Foto: Alphaspirit / 123rf.com 

Kommentar

Akkurat no står vi overfor den største trusselen på tusenvis av år! Klimaendringane. Som ungdom blir eg meir og meir klar over kor viktig handlingane våre framover blir med tanke på klimaet. Allereie for mange år sidan sa Albert Gore ting vi ikkje ville høyre om klimaet og korleis jorda blir meir og meir øydelagt. Ikkje mange trudde på det han sa og meinte han var ein løgnar. Han kom med ei bok der han forklarte at om vi ikkje gjorde noko for å hindre global oppvarming, kom ting til å gå skikkeleg gale. No, 27 år seinare, er vi der Al Gore frykta vi skulle vere. Klimakrisene er verre enn nokon gong og om vi ikkje gjer noko no så er det snart for seint.