Ungdomen på Hareid:

– Lokalmiljøet må betrast

kommentar

Kollektivtilbodet: Ungdommen i Hareid er ikkje nøgd med kollektivtilbodet på øya. Særleg om kveldane og i helgane er forbedringspotensialet stort. Arkivfoto: Leiv Arne Grimstad 

Kommentar

Hareid Ungdomsskule deltok i vår på ei UngData-undersøking som fortel korleis det faktisk er å vere ungdom i Hareid kommune i dag. Undersøkinga viste at det både finst ting som er bra i kommunen men og at mykje kan bli betre. Då vi såg svara la vi særleg merke til ein ting, nemleg det at berre 58 % av ungdomsskuleelevane er fornøgde med lokalmiljøet sitt.