Omgitt av idiotar

TRUE COLOURS? Kva farge særpregar personlegdomen din, blått, grønt eller kanskje ein miks? Foto: 123RF.com/Evgeny Ustyuzhanin 

Kommentar

Ein gong eg skulle ha elevar oppe til eksamen, kom sensor frå ein annan skule i svært god tid før eksaminasjonen. Så sat vi med svele og kaffi og venta. Min draum er å vere radioens Anne Lindmo, så eg sette i gang mitt lokale talkshow, med det som viste seg å vere ein svært uvillig gjest. Eg starta med etternamnet hans, hadde han slekt her frå øya, sidan han heitte slik og slik? Ingen respons. Så prøvde eg med skulen han jobba på, spurde etter kolleger, kva fag han hadde, og om dei ikkje hadde fått ny rektor. Nei, havet var heilt svart, ikkje napp å få. Så testa eg ut områda innanrikspolitikk og utanrikspolitikk via lokalpolitikk, men det var berre det store inkje. Så sat vi der, tause, i ein svært lang time.