Saman i ettervekst

Den nye bindersen: Under krigen vart bindersen eit symbol på samhald. Under koronakrisa har etterveksten blitt kalla den nye bindersen.   Foto: Illustrasjon/Delesha/123RF.com.

Kommentar

Den grå stripa langs hårskillen lyser hånleg mot meg i kamerabildet på Teams, der eg sit i nettmøte med elevane. Stripa fortel sitt tydelege språk om at eg neste veke rundar livets spel, enda ein gong. I sju veker har eg stirra inn i mitt eige andlet, og sett på etterveksten som gradvis breier seg utover, som ei sliten asfaltstripe. Det er for så vidt ikkje noko nytt at den grå stripa veks seg litt for brei før eg får tatt meg saman og bestilt frisørtime, men forskjellen er at eg no ser berre meg sjølv fleire timar for dag, og ikkje dei flotte, unge menneska eg vanlegvis har framfor meg.