Kommentar

Post 17.mai-refleksjon

17.mai: – Tradisjonane våre vart utfordra i år, skriv Kari Brandal. Her spelar Musikklaget Ulf i folketome gater. foto:Linda eikrem 

Kommentar

Som barn var 17.mai ein dag eg knytte store forventningar til og gledde meg til i lang tid i førevegen. Kvart år var det om og gjere å ete fleire is enn året før og, ikkje minst, få tak i russekort i flest moglege variantar. Kvart år sov eg med hårrullar natt til 17.mai og var like sur kvart einaste år då eg tok dei ut og oppdaga at krøllane ikkje var slik eg hadde tenkt. Det klassiske bilete av meg og bror min framfor lyktestolpen i hagen var også fascinerande likt, år etter år. Han glad og eg sur, fordi eg såg ut som ein puddel. Heldigvis, var det også, kvart år, slik eg huskar det, regn på 17.mai slik at krøllane jamna seg ut før barnetoget hadde byrja.