Pandemien og språket

Frå romersk: Uttrykket «kohort» har kome fram i lyset under koronakrisa, men ordet skriv seg frå det romerske militærsystemet. Ein legion var sett saman av ti kohortar, som kvar bestod av seks centuriar. Foto: Wikimedia Commons/ Matthias Kabel CC BY-SA 3.0 

Kommentar

Kvart år vert årets ord kåra av Språkrådet. Det kan vere nyord eller ord av nyare dato som har prega året. Slik ynskjer Språkrådet å vise at norsk er eit rikt språk som er i stand til å lage nye, gode ord. At det vert laga nye ord viser at det norske språket tilpassar seg ei verd og ein røyndom i stadig endring.