Kommentaren:

Heim til jul

"Eg vil med dette ynskje alle ei riktig god jul, og sende ein ekstra varm tanke til dei som ikkje kjem seg heim til jul, i annleisåret 2020." Det skriv Kari Brandal i denne vekas kommentar.  Foto: Privat.

Kommentar

Ein dag denne veka vart eg meir motvillig enn vanleg vekka av alarmen på mobilen. Etter ei uroleg natt med lite søvn og mykje støy, låg eg i fleire minutt og revurderte innhaldet i livet mitt. Behovet for søvn kjentes mykje sterkare enn behovet for å ha ein jobb, så eg slumra eit par gongar medan eg smakte på tanken om eit liv som heimeverande.