Nyt det mens du kan: Ingenting varer evig

Ein ting 2020 har lært meg er at ein skal sette pris på ting når ein har det, skriv Viktoria Haddal i denne kommentaren.   Foto: Privat

Kommentar

Vi er alle heldige som lever i Noreg. Vi blir fødde med fridom og ytringsfridom. Vi har lov til å uttrykke, meine og tru det vi vil. Det å stå opp for sine meiningar utan å vere redd for å bli drepne, torturerte og sette i fengsel. Grunnen er at våre forfedrar har kjempa for det. Vi har rett til å få lov til å sitte på telefonen i 12 timar kvar dag. Men så kom korona og den har kanskje ikkje forandra retten til å sitte på telefonen i 12 timar, den har kanskje gjort det motsette.