Kommentaren:

Ungdommen treng meir plass!

Ungdomsrådet i Hareid kunne gjerne tenkt seg å utvide ungdomsklubben, ved å nytte det snart tome bibliotekslokalet på Hareid Rådhus.  Foto: Arkiv.

Kommentar

Ungdommen har i mange år måtte nøye seg med eit lite lokale i kjellaren i rådhuset, ved sidan av bibliotekslokalet. For fleire år sidan blei lokalet nytta som ungdomskáfe, før det i ein periode stod tomt. Men i 2019 blei lokalet renovert, og Ungdomsrådet i Hareid begynte å nytte lokalet til å arrangere ungdomsklubb. Dette tilbodet hadde lenge vore svært etterlengta frå ungdommen si side. Vi i Ungdomsrådet har heile tida kjempa for å gjere Hareid til ein betre kommune for ungdom å vekse opp i. Det ønskjer vi å gjere nok ein gong, ved at vi no presenterer ideen om at dei gamle bibliotekslokala skal brukast til å gjere ungdomsklubben mykje betre!