Lesekunnige analfabetar – eller «det utvida lese-omgrepet»

Eit utvida omgrep: Å lese og forstå bilete og symbol er ein del av det utvida leseomgrepet, men er det dermed sagt ein meistrar språket i til dømes Singapore der der dette biletet er i frå? Foto: Wikimedia Commons / CEphoto, Uwe Aranas, CC BY-SA 3.0 

Kommentar

I si tid arbeidde eg tre år ved ei lærarutdanning. Der møtte eg for første gong fagpedagogar. Sjokket vart stort. Pedagogane, særleg den eine, hadde eit syn på kunnskap totalt i strid med det eg trudde skolen var til for. Det mest påfallande var følgjande: Ein treng ikkje kunnskap i faget ein skal undervise i. Har ein pedagogikk, er det tilstrekkeleg. Hadde ikkje dette utløyst ein diskusjon som gjekk heile hausten 1980, der eg sjølv var eine hovudpersonen, hadde eg nekta tru det kunne vere mogleg.