Kommentar

Håp: Noko vi alle treng

Håp: Lyset i enden av tunnelen er også eit symbol på håpet. Foto:Zde - Own work, CC BY-SA 4.0 Wikimedia Commons 

Kommentar

Håp er viktig, og vi har godt av å bli minna på det generelt i livet og spesielt i koronatida. Håp kan ikkje berre gjere ein noverande situasjon meir uthaldeleg, men det kan også forbetre liva våre. Håp hjelper oss å definere kva vi vil i framtida, og det kan motivere oss til å nå det. Nokre gongar kan det vere lett å miste håpet, og det spesielt i triste tider som no. Eg trur mange treng å bli minna på dette med håp. Kva er håp og kvifor treng vi det?