Go'dag:

Utahyses kan eg registrere at blikka ikkje går i mi retning på same måte som før

"Statistikken viser at det i dag bur 1,4 millionar einslege i Noreg. Truleg er det ikkje så mange kvinner som nærmar seg 50-åra som kjem til å følgje råda til Kjøs og Thuen om å senke krava viss dei vil ha seg ein partner." Det skriv Anne Gry Eilertsen i denne vekas Go'dags-spalte.  Foto: Illustrasjon/Unsplash.com.

Kommentar

Dei siste vekene har psykologane Peder Kjøs og Frode Thuen fått så hatten har flagra i media. Bakgrunnen er at dei to har gitt det rådet til ei 49 år gammal kvinne som tykkjer det er vanskeleg å finne seg ein likeverdig partnar, at ho bør nedjustere krava sine litt – og vere klar over at marknadsverdien til kvinner går ned frå slutten av 40-åra. Menn i 50-årsalderen eller eldre, ser ofte etter litt yngre kvinner, og derfor er det truleg endå vanskelegare for einslege kvinner enn menn i denne alderen å finne seg ein ny partner. Spesielt viss ho ynskjer seg ein mann på om lag sin eigen alder.