Leiar:

Mediemangfald er aldri dumt

Mediemangfald er aldri dumt. For lesarane har Regionavisa vore eit viktig supplement til abonnementsavisene. Det står respekt av desse sytten åra og mange vil heilt sikkert sakne avisa, skriv Linda Eikrem i sin leiarkommentar.  Foto: Linda Eikrem

Leiar

Det beste i livet er gratis. Det er mykje sant i den setninga. Men det kostar ofte pengar å gje frå seg noko gratis.

Denne veka vart det klart at Regionavisa må legge ned. Avisa vart starta sommaren 2000, og har hatt «Det beste i livet er gratis» som slagord. Åtte tilsette står utan jobb, og selskapet har ei gjeld på nesten ein million kroner. Dei tilsette fekk tilbod om å ta over og drive vidare, men takka nei. Nedlegginga kom ikkje som noko sjokk, for dei siste åra har vore tøffe for gratisaviser i heile landet.

Sytten år er lenge for ei gratisavis, også i landssamanheng. Ifølgje avisforskar Sigurd Høst er gratisavisene mykje mindre stabile enn abonnementsavisene. Unnataka er Stjørdals-Nytt (frå 1984) og Nytt i Uka i Ålesund (frå 1985), som har klart seg gjennom mange annonsekrisar. For det er annonsørane som finansierer desse avisene, sidan lesarane får dei gratis.

Å starte Regionavisa var på mange måtar eit vågalt prosjekt. Dei sju kommunane på Søre Sunnmøre hadde frå før fem godt innarbeidde lokalaviser med mange abonnentar og annonsørar.   Men det har vore gode tider i næringslivet og det er nok mykje av forklaringa på at avisa har halde det gåande til no.

Regionavisa er no med i statistikken som Sigurd Høst kallar avisdød i stor skala. I rapporten Avisåret 2016 skriv Høst at det totalt var atten gratisaviser som kom ut ein gong i veka i starten av 2017. Truleg er talet mykje lågare no ved utgangen av året.

Mediemangfald er aldri dumt. For lesarane har Regionavisa vore eit viktig supplement til abonnementsavisene. Det står respekt av desse sytten åra og mange vil heilt sikkert sakne avisa.  

Leiar