Det melder seg mange spørsmål

Leiarkommentar.

Det melder seg mange spørsmål etter den alvorlege valdshendinga på Blåhuset, skriv redaktør Linda Eikrem i denne leiarkommentaren. 

Leiar

Mange har visst om det i mange dagar. Først fredag vart det kjent gjennom vikebladet.no: ein video av ei fjorten år gamal jente som bankar opp ei jamaldrande jente på Blåhuset i Ulsteinvik har spreidd seg i sosiale media. Videoen er rystande, og lensmannen kallar det ei godt planlagt og veldig alvorleg valdshending. I tillegg til politiet er også foreldre, barnevern og skule kopla inn.


 

Det melder seg mange spørsmål.

Kvar har det svikta når ungdomar bankar opp kvarandre? Kvifor er det nokon som filmar det som skjer i staden for å gripe inn? Kvifor vert opptaket publisert og spreidd? Kvar har det svikta når dei som mottek videoen sender den vidare? Og korleis kan noko slikt skje på eit kjøpesenter midt på høglys dag?

Det finst ikkje enkle svar på desse spørsmåla, men spørsmåla bør gje grunn til ettertanke.


Lensmann Hans-Eirik Pettersen:

- Ei veldig alvorleg valdshending

Lensmannen i Ulstein og Hareid er bekymra for haldningane som ligg bak valdshendinga der ei jente banka opp ei anna jente på Blåhuset.

 

Med jamne mellomrom er heldigvis politiet innom skulane og snakkar om nettvett. I neste veke er turen komen til ungdomsskulen i Ulsteinvik, seinare er det dei eldste elevane på Hareid barneskule sin tur til å få besøk av politiet.

For dette er ikkje eit tema som berre er aktuelt for ungdomsskuleelevar. Dagens born har eigne mobilar frå tidleg barneskulealder. Dei handterer nettbrett og mobil med største sjølvfølgje endå tidlegare. Dei veks opp med forelde som ofte ukritisk publiserer bilde og videoar. Svært mykje av dagens kommunikasjon skjer i sosiale media, og det oppfattar born i tidleg alder.

Politiet bør difor også snakke om nettvett til dei yngste barneskuleelevane. Gjerne frå første klasse.