Som kvinne kan du godt få leie landet, men ikkje fotballaget vårt

Leiarkommentar av redaktør Linda Eikrem.

  Foto: NRK

Leiar

Det har vore interessant å følgje debatten tv-serien «Heimebane» har skapt den siste veka. Ei fiktiv historie om ein kvinneleg fotballtrenar har sett fingeren på det faktum at ei kvinne aldri har trent eit herrelag på toppnivå her i landet.

Det er Noreg vi snakkar om. Landet som skårar svært høgt på FN sin likestillingsindeks, der gutar og jenter har lik rett til utdanning. Landet der kvinner fekk røysterett for 105 år sidan, der ni av nitten regjeringsmedlemmar i dag er kvinner.

Med andre ord: Som kvinne kan du godt få leie landet, men ikkje fotballaget vårt.


 

Kanskje handlar det om det norske likestillingsparadokset? For sjølv om både kvinner og menn har høg yrkesdeltaking, har vi framleis eit veldig kjønnsdelt arbeidsliv. Jenter søkjer seg til kvinneyrke og er ofte ikkje interessert i å ha leiarstillingar. Då er det kanskje ikkje oppsiktsvekkande at ingen kvinner har leia eit topplag i herrefotballen, ein av dei siste mannsbastionane i Noreg.

I dagens avis snakkar to tidlegare landslagsspelarar om temaet som «Heimebane» har gjort aktuelt. Både Anita Waage og Erika Skarbø har meir fotballerfaring enn mange andre som er engasjerte i fotballen på Hareidlandet. Dei seier at ein kvinneleg trenar for eit herrelag må vere tøff og ha sterk vilje. «Det hadde vore kult viss nokon torde å ta steget», seier Skarbø.


 

For visst finst det kvinner som engasjerer seg som fotballtrenarar. Problemet er at dei fleste forsvinn når laga kjem til junior- og seniornivå. Her har klubbane og fotballforbundet absolutt ein jobb å gjere for å få fleire damer til å ta trenarutdanning.

Kven tek ballen, skal tru?

Leiar