Søndag gjekk siste episode av tv-serien Heimebane. Vi kan nesten ikkje vente til sesong to er sendeklar.

Denne veka har vi hatt ein liten serie gåande på vikebladet.no, der vi har stilt dei same tre spørsmål til ulike personar: Kva synest dei om mottakinga serien har fått, kva håper dei skjer i neste sesong og om kven som er favorittkarakteren deira. Responsen og svara viser at Heimebane har gitt oss eit felles samtaleemne, ein dramaturgi, problemstillingar og eit persongalleri svært mange engasjerer seg i. Det er nesten slik som då Dynastiet herja på NRK på 80-talet. Vi er på fornamn med dei ulike karakterane: Helena, Michael, Nils, Adrian, Camilla, Mons og Sissel-Renate. Dei vi har intervjua har klare ønske for handlinga i neste sesong. Til dømes håper ordføraren i Ulstein at Camilla og Adrian finn kvarandre, medan ein spelar i eliteserien håper Adrian torer å ta steget til ein utanlandsk liga. Og sjølv om den såkalla lineære tv-sjåinga går ned elles, har Heimebane vore eit felles samlingspunkt dei siste ti søndagane i mange familiar.

Serien er ein gåvepakke til Hareidlandet. Spørsmålet er om reiseliv og næringsliv klarer å utnytte det, viss folk frå andre stader skulle få lyst til å oppleve Ulsteinvik «in real life». Kva med ei Heimebane-vandring med start på Høddvoll/Tangsrud Arena/Ulsteinvik Stadion og slutt på eitt av verfta? Kva med ei Heimebane-sightseeing med buss? Eller ei Heimebane-helg med hotellovernatting, bading i Ulsteinbadet og fotballkamp på Høddvoll?

Heimebane har gjort noko med oss. Truleg har serien styrkt den lokale identiteten. I dag er det forresten rart å tenkje på at serien eigentleg skulle heite Hjemmebane. Skrekk og gru.