"Det skal vere trygt å ferdast på vegane"

Under Ulsteinmessa vart det demonstrert dei store kreftene som er i sving i ei trafikkulukke. Her ein bil som treff bakken i om lag 70 km/t. 

Leiar

Lokalavislesarane har sikkert lagt merke til at bil og trafikk har vore stikkord i avisa denne veka. Det går frå det eine ytterpunktet til det andre, frå storhendinga Ulsteinmessa til ei alvorleg trafikkulukke ved Strandabøskogen.

Med utstilling av 110 nye bilar må Ulsteinmessa vere midt i blinken for dei som er ein smule bilinteressert. Messa føyar seg inn i rekkja av arrangement på Hareidlandet som har potensial til å trekkje publikum også frå andre kommunar enn Hareid og Ulstein. For bil er viktig for veldig mange på våre kantar av landet.

Difor er det nedslåande når det skjer trafikkulukker. Etter ulukka ved Strandabøskogen er det mistanke om at lasta på ein hengar var for dårleg sikra. Ei kvinne vart alvorleg skadd i ulukka, og det danna seg lange køar på begge sider av ulukkesstaden. Igjen fekk vi eit døme på at ulukker i trafikken gir store menneskelege og samfunnsmessige konsekvensar.

Nedslåande er det også å lese dei mange dommane som gjeld brot på vegtrafikklova. Nokre dommar gjeld ruskøyring, andre gjeld råkøyring. Nyleg vart ein mann i 20-åra frå Herøy dømd for ti tilfelle av køyring utan førarkort. Han har køyrt bil både på Hareid, i Eiksundtunnelen og i Herøy utan lov. «Det viser ei total neglisering av reglane i vegtrafikklova og eit alvorleg brot på reglane som skal sikre mest mogleg trafikktrygging», skriv tingretten.

Det er nettopp det det handlar om: at det skal vere trygt å ferdast på vegane. Dei som ikkje rettar seg etter reglane utgjer ein fare for andre. Difor må desse sjåførane lukast vekk, og det er gledeleg å sjå at lokalt politi no har hyppigare fartskontrollar.

Så: køyr fint!