Betyr mangel på lokalt leiar- og eigarskap ei meir kynisk drift?

Leiarkommentar om sjefsskiftet på Kleven.

Denne veka skifta Kleven ut Karsten Sævik som administrerande direktør, få månadar etter at han gjekk inn i stillinga.   Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Leiar

Det var slett ikkje venta at det skulle bli direktørskifte på Kleven denne veka. Karsten Sævik rakk såvidt å setje seg før han fekk beskjed av eigarane om at han ikkje lenger var ønskt som sjef. «Eg vart overraska, ja», sa Sævik til Vikebladet Vestposten. «Det kom som eit sjokk på dei tilsette på allmøtet», sa hovudtillitsvald Therese Hjelmeseth til Sunnmørsposten. I ei pressemelding heitte det at «Styret ynskjer ei tettare oppfylging av verftet, og ynskjer difor ein administrerande direktør som vi har hatt ein lengre relasjon til og jobba med over tid.» Den nye sjefen har til no ikkje vore tilgjengeleg for intervju.

Det siste året har vore turbulent for Kleven, og det kan hende sjefsskiftet ikkje er så overraskande likevel. I september i fjor vart det klart at Hurtigruten gjekk inn som eigar, saman med lokale investorar. Då jakta på ein toppsjef starta, sa den dåverande styreleiaren at det var mest ideelt med ein person som kjenner Sunnmøre. Den personen blei Karsten Sævik.

I juni vart det klart at Hurtigruten tok over heile Kleven og dermed var det ingen lokale eigarar igjen i verftet. Og for den nye styreleiaren er det tydelegvis viktigare at Kleven-sjefen kjenner Hurtigruten enn at vedkomande kjenner verftsnæringa på Sunnmøre.

Det er naturleg at førsteprioritet for eigarane er å få ferdig dei nye hurtigruteskipa. Men kva kjem elles til å skje med bedrifta? Blir det jobba for å skaffe nye kontraktar og oppdrag? Kva ansvar kjenner Hurtigruten for dei mange arbeidsplassane på verftet? Betyr mangel på lokalt leiar- og eigarskap ei meir kynisk drift?

Dette er spørsmål det vil vere naturleg å stille den nye direktøren. Når han ein eller annan gong er klar for å bli intervjua.