- Ein skal aldri gje opp

Kriminalitetsførebyggande arbeid er tema i denne vekas leiarartikkel.

For snart to år sidan uttrykte lensmann i Ulstein og Hareid, Hans-Eirik Pettersen, uro for ein kriminell gutegjeng på Hareidlandet. – Nokre klarer seg fint i dag, nokre har diverre byrja med rus og alvorlegare kriminalitet, seier Pettersen.  Foto: Linda Eikrem

Leiar

– Vi må aldri gje opp, stod det i ein e-post frå lensmannen i Ulstein og Hareid nyleg. Han inviterte ulike instansar til eit spesielt møte på lensmannskontoret. Det handla om ein lokal ungdom, Christoffer, som for nokre år sidan var godt i gang med ei kriminell løpebane. Vendepunktet kom då onkelen, Richard, tok ansvar for guten. Heile historia kan du lese her.