Ingen kan vere tent med ein langdryg rettsprosess

To av søskena Øvrelid, som fortalde si historie i Sunnmørsposten og Vikebladet Vestposten i januar i fjor  Foto: Staale Wattø, Sunnmørsposten

Leiar

Det har gått vel eit år sidan den skakande Øvrelid-saka vart kjent. Då stod fem søsken fram og fortalde om ein barndom og oppvekst med fysisk og psykisk mishandling. Det handlar om 60-, 70- og 80-talet og kommunane Hareid og Ulstein. Det handlar også om at mange offentlege instansar visste, men ikkje greip inn for å hjelpe søskena.