Balansen mellom fornuft og hysteri kan verke hårfin

Leiar

Det er truleg berre eit spørsmål om tid før det første tilfellet av koronasmitte dukkar opp også i vårt område. Denne veka vart ein person i Hareid sett i heimekarantene og testa for korona. Torsdag vart det klart at det er personar som er smitta både i Ålesund og Molde, og ei rekkje reiser og samlingar er avlyste.