Heilt avhengige av den maritime industrien

Det er lett å forstå frustrasjonen til den maritime næringa, skriv redaktør Linda Eikrem etter at regjeringa la fram ein tiltakspakke på 684 millionar kroner.  

Leiar

Det er lett å forstå frustrasjonen til den maritime næringa. Denne veka kom to statsrådar til fylket for å presentere ein tiltakspakke for verftsnæringa. Det er ikkje godt å seie kva næringa hadde venta, men den hadde nok håpt at det skulle ligge meir enn 684 millionar kroner i tiltakspakken.