- Verda har vorte større

  Foto: pixababy.com

Leiar

2020 skulle bli året då verda brått vart mykje større. I mange år har vi vore vane med at fjerne reisemål er svært tilgjengelege: ei storbyhelg og ein Sydenferie har vore berre ei flyreise unna. I år har dette stort sett vore umogleg på grunn av koronapandemien. Til og med reiser innanlands har det vore vanskeleg å ta. Sjølv om vårt område ikkje har hatt mange smittetilfelle blant lokalbefolkninga, har koronaen tydeleg vist at det som skjer elles i verda også påverkar vårt liv.