Ei langsiktig investering i framtida

Denne veka vart det nye prosjektet "Samarbeid læring - næring" i Hareid presentert. Her representert ved nokre av aktørane som tek del i prosjektet. Frå venstre: Olav Haug Vikebakk (Hareid Group), Julie Sundgot Andersen (Vekst i Hareid), Cecilie Bjørlykke (konstituert kommunalsjef oppvekst og kultur) og ordførar Bernt Brandal.   Foto: Andreas Bjerknes

Leiar

Denne veka er det grunn til å gje stor applaus til prosjektet som skal setjast i gang i Hareid. Samarbeidet mellom skulane og næringslivet er rett nok heilt i startgropa og nyleg signert, men opplegget ser svært lovande ut.