«Vil gje ungdom Hareid ein stad å vere» var tittelen på ei sak i lokalavisa denne veka. Det er nok mange som meiner dei har lese liknande saker ein del gongar før.

Temaet er ikkje nytt, men det er ikkje tvil om at behovet er der, både i Hareid og i mange andre kommunar. Sjølv om ungdomane i Hareid har flust med organiserte fritidsaktivitetar å vere med på, manglar det meir uformelle samlingsstader.

I fjor sommar vart ungdomsklubben stengd etter vasslekkasje, og ungdomsrådet har vore tydeleg i ønsket om eit større og betre lokale. Det bør kome i orden så snart som råd. Vi veit at dei unge gledde seg stort til opninga av det nye biblioteket, som stod ferdig i fjor vår. Det har vorte ein populær møteplass for born og unge etter skuletid.

Det er ikkje berre uproblematisk.

«Mange unge samla på ein stad krev sitt», skriv biblioteket på Facebook. Hareid folkebibliotek har difor to gongar bede om hjelp frå vaksne, frivillige, som kan hjelpe til etter skuletid. Responsen har ikkje vore overveldande, diverre. Biblioteket ber også foreldre snakka med borna sine om reglane i lokalet, som er «enkle og reinspikka folkeskikk.»

Dei som no samarbeider for å gje dei unge ein møtestad, er frå KFUK-KFUM Hareid og Hareid sokn. Dei ser føre seg eit tilbod der ungdommen kan møtast på dagtid og av og til også på kveldstid. Her bør endå fleire engasjere seg og ta ansvar for at born og unge i Hareid har ein plass å møtest.

Slike tilbod blir ekstra viktig no når samfunnet er i ferd med å opne igjen etter to år med koronapandemi, og når vi alle igjen har høve til å oppsøke noko anna enn digitale møtestader.