Hallen som skal byggast på Hareid skal koste vel tjue millionar kroner og skal stå ferdig til klubben sitt 100-årsjubileum i slutten av desember.
Vedtok å bygge turnhall
På Høddvoll skal hallen til Hødd Turn vere klar til bruk seinast i starten av desember. På Hareid er det planlagt byggestart i mars, i Ulsteinvik er arbeidet allereie i gang.
Jubeldag på Hødd Turn: – Det er heilt fantastisk at vi står her
Nokre vil kanskje lure på om det verkeleg er behov for to slike hallar berre ei mil frå kvarandre.
Svaret gir seg sjølv: Til saman har turngruppene i Hareid og Hødd rundt seks hundre medlemmar.
Det krev mykje plass å gje alle desse eit fullverdig tilbod. Dei to klubbane har i mange år jobba hardt for å legge til rette for dei som driv med andre idrettar som fotball og handball. No er det turnarane sin tur. Begge turngruppene treng meir eigna lokale for å kunne auke rekrutteringa, hindre fråfall og utvide tilbodet. «Når 40 minutt av treningstida til kvar økt går med til å setje fram og så rydde vekk utstyr, seier det seg sjølv at det er tungvint», sa ein av trenarane om dagens situasjon då eit ekstraordinært årsmøte i Hareid IL vedtok den nye hallen mot slutten av fjoråret. Og då gravearbeidet starta på Høddvoll denne veka, sa styreleiaren i Hødd IL dette til dei frivillige: «Det at de har fått til denne turnhallen bidreg til å skape meir inkluderande kjensle på tvers av gruppene i Hødd.»
Hallane blir realiserte takka vere eit imponerande engasjement frå frivillige, klubbane, lokale bankar og næringsliv. Dette blir veldig bra!