Samferdsel:

Fjerning av Engeskar-tunnelen

  Foto: Anne Gry Eilertsen

Lesarbrev

Med undring las eg referat frå Hareid formannskap 12.02.18 om at Engeskartunnelen skal fjernast.

Alle er vel samde om at noverande Engeskartunnel er for dårleg, og at noko må gjerast. Etter som eg skjønar, er der to aktuelle alternativ, utbetring av noverande tunnel, eller å ta bort heile tunnelen og lage ei djup bergskjering i staden. Kostnaden med siste alternativet vil etter referatet å døme vere dyrare enn første alternativet.

Å ta bort tunnelen synest for meg å vere ganske meiningslaust. Det er dyraste alternativet, det vil lage eit stygt sår i terrenget/naturen, og ferdselen oppe på Engeskarkleiva vil bli hindra. For å avbøte det, må ein lage ekstra vegar/råser for at folk skal kunne vandre her(er dette teke med i kalkylen?). Området er mykje brukt til friluftsføremål, m.a. det årvisse fjelløpet mellom Eiksund og Korshamna går over dette området.

Eg vil oppmode Hareid kommunestyre til å gå mot Formannskapet sitt vedtak i saka, og stemme for utbetring av noverande tunnel i staden for å lage ei dyr og skjemmande fjellskjering. Etter mitt skjøn er det mest fornuftig.

Petter Hjørungdal