Kommuneøkonomi

Dess meir framoverlente vi er, dess vanskelegare er det å sjå opp

Skal kommunen verkeleg kome nokon veg, må det nok kome ein meir aktiv utgiftsreduksjon, meiner Agnar Dag Ulstein 

Lesarbrev

Eg har høyrt dette som ordtak. Men verst er det når enkelte personar i kommunestyret skryt av kor framoverlente vi skal være.

Vi veit at dersom vi er for mykje framoverlente kan vi ”tryne” heilt, og det er ikkje alltid like lett å kome seg opp att.

Det skulle vel være nok at vi alt har ”tryna” på Arena, der vi enno ikkje veit kva det endeleg vil koste, og kor mykje meir lån kommunen må ta opp.

Det er merkeleg å fylje med i kommunestyredebatten, - der vil folk frå venstresida framleis vere risikabelt framoverlente.

Partiet venstre ser ut til å ta størst økonomisk ansvar. Dei har prøvd å bremse penge- og gjeldsgaloppen i kommunen. Og det har dei gjort lenge før denne kommunestyreperioden.

Dei var tydelege på dette også i siste kommunestyremøtet. I det møtet ville dei, Sp og Krf avvente investering i nytt bustadfelt, så lenge her er meir enn 130 husvære som no vert bygt, og som det enno ikkje er kø på for å flytte inn i. Dersom kommunestyret meinar at dei må holde att på pengebruken, så må dei vise det i praksis.

Millionar her og hundretusenar der, ja, slikt vert det gjeld av.

Ein representant sa: ”Utgifter til inntekts ervervelse.”

Det kan vere korrekt i gitte tilfelle, men no må det verkeleg roast ned ei stund.

Kanskje om eit halvår, eller eit års tid får vi sjå kor det går med Rolls-Royce og verfta. Det kan vere avgjerande for kor mykje behov det er for husvære. Det er og vil være ein god del bygging enno.

Vis ansvar no. Det er innført eigedomskatt og det er ikkje berre å auke den år for år, når renta går opp på dei særs store låna som kommunen har.

Til slutt forstår eg eit utbrot frå ein kommunestyrerepresentant at Krf må stoppe mine skriveri.

Til det vil eg seie at eg lever ikkje i eit totalitært kommunistisk land, som Russland, Kina, Iran, eller Nord-Korea. Eg lever i eit demokratisk land der Krf aldri kan stoppe meg å skrive som borgar av Noreg. Her er det ytringsfridom.. Eg skriv ikkje på vegne av Krf. Mine skriveri er ikkje eit tema i partiet.

Eg har ikkje gått til åtak på privatpersonar, men den politikk som parti og politikar fører. Den fridomen har eg.

Berre ein og same person har ”slengt med leppa” til meg på offentleg stad, og det skal eg tåle. Eg får stadig oppmodingar om å fortsette å skrive.. Oppmodingane får eg i butikkar , på gata, og når eg møter folk i fjellet. Det manglar heller ikkje på at eg vert kontakta på telefon.

Eg takkar for oppmodingane, men om eg ikkje skriv så mange artiklar framover så er det ikkje fordi eg er i utakt med veljarane.

Til politikarane vil eg seie: Før ein politikk som veljarane vil ha. Det er det som avgjer om du eller partiet ditt skal gjere det godt ved valet neste år.

Folket/veljarane har nok ein bra hukommelse, - om enn ikkje slik som elefantar har.

Elles har eg mine notat, så det vert nok ikkje slutt på å minne kvarandre på kva politikk dei ulike partia fører.

Heilt til slutt vil eg nemne, at det vert sagt av leiinga i kommunen at dei reknar med å kunne spare inn 5 millionar i år.

Det er knapt 1% av budsjettet. Her må det takast hardare i, dersom det skal mone noko vesentleg. Eigedomskatten går med til å dekke underskotet på Arena.

Skal kommunen verkeleg kome nokon veg, må det nok kome ein meir aktiv utgiftsreduksjon.

Agnar Dag Ulstein, Ulsteinvik

Vil du ta del i debatten? Send inn dine lesarinnlegg til redaksjon@vikebladet.no