Vil Fjord 1 verkeleg – med opne auge – gå baklengs inn i framtida?

Vil ivareta utsikta: Marit Øien Sæverud og Leidulv Hareide i Hareid KrF. 

Lesarbrev

Det blir veldig bra med nye ferjer, og det blir veldig bra at dei nye ferjene skal vere batteridrivne. Likevel er der eit stort MEN. Det som skal vere bra for miljøet, vil verte ei svært dårleg løysing for det estetiske miljøet i innseglinga til Hareid hamn. Dimensjonane og inngrepa i hamneområdet det vert søkt dispensasjon for – slik ein kan lese i Vb/Vp 22. februar – er svært alvorlege.

Heldigvis protesterer Statens Vegvesen, og grunngir protestane med at tekniske bygg i betong vil redusere sikta og nærleiken til fjorden. Tiltaket vil vidare eliminere store delar av det opparbeidde grøntarealet i området, samt forringe kvaliteten på uteområdet langs sjøfronten. Det vil også lukke sentrum mot fjorden. Statens Vegvesen føreslår til dømes flytande dokkingstasjonar eller nedgravne løysingar. Hareid KrF er svært einige med grunngjevingane til Statens Vegvesen. Hareid KrF meiner det er svært viktig at Hareid hamn ikkje vert øydelagd av store betongklossar.

Vi må bevare god utsikt mot fjorden for både reisande og for innbyggjarane i Hareid! Fjord 1 har eit ansvar for å drifte ferjene på ein framtidsretta måte. Her kan vi tipse om at ein treng ikkje å gå så veldig langt for å sjå døme på framtidsretta løysingar for ferjedrift: https://www.facebook.com/BLUEPOWERCONNECT/

Hareid KrF forventar at det vert drive utviklingsarbeid i samband med dei nye ferjene som skal byggjast – slik at dagens flotte og gode miljø- og arealkvalitetar på og langs sjøfronten – ikkje vert øydelagde!

Marit Øien Sæverud og Leidulv Hareide,

Hareid KrF

Vil du dele dine meiningar? Send inn debattinnlegg til redaksjon@vikebladet.no