Gjengen bak foreininga Hafest har den siste tida lufta mange positive tankar og idear om korleis dei ser føre seg utviklinga av Hareid som tettstad. Eit av desse forslaga er bygging av ein kultursal/scene ved Hareidshallen. Hareid treng absolutt ein kultursal og dette er eit bra forslag, men etter mi meining vil det vere eit stort feilgrep og plassere eit slikt bygg fram på myrane. Ei utbygging må leggast til  sentrum om skal vi kunne berge ”stumpane” som er igjen og skape meir liv og røre i bygda.

Ein kan klare å realisere en kultursal ved å forkaste planane og tomtevalet som ligg føre for Helsehuset. Tomta har ein kjøpt og betalt. Dei gamle husa som står der blir heldigvis rivne og fjerna. Tomta kan Hareid Kommune stelle til, og sitte på ei stund. Ein må so tenke heilt nytt. Dette bygget, ”Drivhuset” må ligge på tomtene ovanfor parken i Kjøpmannsgata. Dette området strekkjer seg ca frå statuen av Johan H Grimstad til husa i Kjøpmannsgata. Området er til salgs og kan nyttast både til forretning og anna. Denne plasseringa har i fleire tidligare rapportar og  analyser om utvikling av Hareid sentrum vorte peika ut til plassen ein må bygge eit stort bygg som binder saman ytre og indre sentrum i Hareid. Utbygginga kan ein realisere gjennom eit samarbeid med private aktørar som kan bygge f.eks boligar på området som ikkje blir nytta til bygging av ”Drivhuset”. Parken som ligg på nedsida av vegen og det nye flotte bygget skal bli opprusta for over 10 mill i løpet av dei nærmaste åra om eg ikkje tar for mykje feil.

Kva skal so bygget innehalde ? Vi treng kultursal og vi treng eit nytt bibliotek. Kultursalen kan bli bygd slik som skissert i forslaget til Hafest gjengen, med scene, amfi og permanent utstyr til lys, lyd (og film). Men bygget må også innehalde eit stort moderne bibliotek som tilfredstiller dagens og framtidas behov. Muligens kan ein også få ein kafé, kunstutstillingar og andre samlingspunkt i bygget. Ein del av funksjonane som er tiltenkt Helsehuset kan ein kanskje også legge til ”Drivhuset”, men dette er ikkje ein føresetnad eller ei tvingande nødvendigheit.

Under planarbeidet med helsehuset har det komt fram ein del utbyggingsprosjekt som vil ”konkurrere” om leigetakarane som er tenkt plassert i Helsehuset. Eg trur ein må vere sopass realistisk at ein ser at minst eit av desse prosjekta vil bli realiserte før Helsehuset eventuelt står ferdig og at ein del av funksjonane, til dømes NAV  kan bli lagde dit. Er dette då ein bakdel for sentrumsutviklinga? Nei, tenker eg.

Får vi ei utbygging ved sidan av Hareid Hotell (den kjem no ) og kanskje eit nytt bygg på Hamnesentertomta som kan ha en del ev dei andre offentlige funksjonane som var tiltenkt Helsehuset, så får vi verkeleg ei revitalisering av sentrum. Sjå for dokke desse tre nye flotte bygga, med ”Drivhuset” perfekt plassert i sentrum av sentrum med ein flott park nedom. Og rosina i pølsa, jau med nytt bibliotek i ”Drivhuset” vil det gamle stå tomt. Vi kan då bruke heile dette lokalet til ein skikkeleg ungdomsklubb for våre håpefulle, plassert i sentrum , nær parken og nær ”Drivhuset”.

Ditte er urealistisk galskap vil nok mange seie, men etter min meining så er det ofte litt sunn galskap som skal til for å få til noko. Puttar vi driv, handlekraft og ei lita dose galskap saman so kan alt dette bli ein realitet. Det er eit gamalt ordtak som seier ”den som ikkje vågar han vinner ikkje”.

So spørsmålet er; Vågar vi ?

Øyvind Grimstad, Hareid

Har du eit debattinnlegg? Send inn dine meingar til redaksjon@vikebladet.no