Varaordfører Fuglseth må ha liten tiltru til folk flest sin hukommelse når han prøver seg på en nærmast panikkslagen ansvarsfraskrivelse slik vi opplevde i et leserinnlegg sist laurdag. Men folk flest hugser nok godt at det var nettopp Fuglseth som tok føringa i budsjettmøtet før jul, deriblant oppgradering av rådhuset, et iniativ dei no spring fra og håper at ingen hugsar. Sidan han tydeligvis har problem med minnet får vi ta en kort gjennomgang av realitetene i saka.

Etter at rådhuset midlertidig vart flytta fram i HG sitt bygg på myrane, kom det i formannskapsmøte 13. nov. eit ønske frå Rådmannen om å vurdere bytte av vindauge og renovering av fasaden no når ein likevel var ute av huset.

Oskar Grimstad fremja då følgjande forslag «Hareid formannskap ber om at det blir utarbeidd ein heilheitleg plan/gjennomgang for renovering av Hareid rådhus før ein tek endeleg avgjersle til kor stort tiltaket vert økonomisk».

Dette vart samstemt vedtatt. Fuglseth og Folkelista var med på dette vedtaket.

I neste formannskapsmøte 20. nov. vart det av administrasjonen framlagt eit notat, Plan for vedlikehald av rådhus for 2017 som då ga grunnlaget for det som vart vedtatt i årsbudsjett for 2018,også i dette møte var Fuglseth med.

20. des. kunne vi lese i Vikebladet «Vedtok budsjett i rekordfart» «solid politisk førehandsarbeid» og «Det er Kristian Fuglseth (Folkelista) som har hatt det overordna ansvaret med å sy saman framlegget.»

I dette budsjettet vart det satt av midlar til bytte av radiatorar og fasade /vindauge på rådhuset, dette vart samstemt vedtatt. Og no hevdar Fuglseth at pengane er brukt opp?

At det i ettertid har vist seg at en har bomma kraftig på planlegging og budsjettering er sterkt beklagelig, men det er ingen av dei politiske partia sin feil, alle vedtak er basert på framlagte planar og kalkylar frå administrasjonen.

Fuglseth kritiserar dei politikarane som frå talarstolen luftar tankar og spørsmål om tiltak som kan gi redusert driftskostnad, gi kommunen økonomisk støtte og samstundes bidra til viktige miljøvennlege tiltak. Denne positive og framsynte haldninga til å belyse berekraftige løysingar kallar Fuglset ei total avsporing. Rådhuset er snart 50 år og vedlikehaldsutgiftene forsvinn ikkje av seg sjølv og dei årlege straumutgiftene er på ca 730 000, då er det naturlig å vurdere andre løysingar.

At Fuglseth synest at kontor der våre tilsette må sitte med pledd for å holde varmen om vinteren og at ein på varme sommardagar ikkje kan opne vindauger fordi dei er igjenskrudde for å ikkje ramle ut, er en fin og god arbeidsplass får stå for hans eigen regning.

Fleirtalet i kommunestyret er bevisst på sitt arbeidsgiveransvar og er villig til å gå ei runde ekstra for å sjå om vi kan bedre kvardagen for dei som jobbar der. For å kunne ta dei rette besluttningane vil vi ha framlagt korrekte fakta, korrekte kalkylar, samt informasjon om mulege støtteordningar som gir best mogleg resultat. Dette er ikkje ei avsporing, det er å gjere jobben vi er valgt til.

Vil du ta del i debatten? Send inn dine lesarinnlegg til redaksjon@vikebladet.no