Hødd og monumentet i rundkøyringa

Dersom initiativet om utsmykkinga til Rotary vert ståande der, vil nok tulipanane vekse like godt for det, skriv Agnar Dag Ulstein i eit innlegg om utsmykkinga av rundkøyringa ved Amfi.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Lesarbrev

Eg er vel den i Ulstein som har minst greie på fotball, og har vore minst antal gonger på Høddvoll.

Eg vaks opp i eit «regime» der det var gale å gå på fotballkamp på søndag med meir.

Men som vaksen sjølvstendig person, har eg ikkje vanskar med ei erkjenning kva Hødd har betydd for Ulstein-samfunnet og for den oppvoksande slekta.

Eg er då ekte innfødd ulsteinvikar og er stolt av Hødd. Og kan ikkje forstå at ein ekte innfødd ulsteinvikar vil ha ei hengebjørk i rundkøyringa ved Amfi.

Dersom initiativet om utsmykkinga til Rotary vert ståande der, vil nok tulipanane vekse like godt for det.

Eg er verkeleg samd med Torbjørn Måseide, så eg skal ikkje ta opp att det han har skrive.

Rotaryfolk,- ikkje gje opp, rundkøyringa er rette staden.

Blir det ei underskriftsliste om at her må kommunestyret gripe inn, for å få omgjort vedtaket i teknisk styre, så skal eg gjerne vere den første til å skrive meg på.

Til teknisk styre vil eg seie at det er inga skam å snu. Gjer om vedtaket, det er rett og slett klokt.

På slutten av 60-talet var eg leiar for eit skipsrederi i 10 år. Då møtte eg skipsmeklarar og andre forretningsfolk i Oslo. Når dei spurde kvar eg var ifrå, så sa eg Ulsteinvik. Då spurde dei: Kvar er det?

Eg svara då med å vise til Hødd,- eg sa ikkje ein gong Kjetil Hasund.

Dette var kjende begrep. Då viste dei med det same kvar Ulsteinvik var. Ja, då viste dei alt, eg trong ikkje seie meir.

Eg kjende stoltheita med ein gong. Tenk, at bygdagutar frå Ulsteinvik og nærområdet, kunne gjere Ulsteinvik så kjendt! På laget var ingen dyrt innkjøpt fotballsparkar med god løn den gongen. Dei hadde gjerne sitt arbeid utenom fotballen, og mange av dei var med i hornmusikklaget Ulf og Mannskoret.

Tenk at dei kunne nå så høgt at heile Norge la merke til dei.

Verkelege ulsteinvikarar,-  stå saman med Rotary i denne saka!

For å nemne det. Vi kan også vere stolte av Rotary. Dei har stått føre bygginga av to flotte gapahukar, til glede for oss turgåarar. Og legg gjerne merke til den flotte skiva på Hasundhornet som fortel om fjella vi ser frå staden.

Dei er gagns folk, som dei sa før i tida.

«Ja, slike gutter det vil gamle Norge ha»

Agnar Dag Ulstein, Ulsteinvik