Debatt:

Skjerpings! - Elles må vi ha vaksenoppdraging

Ruben Voldsund er ungdomsmedarbeidar i Ulstein Sokn.  

Lesarbrev

Kyrkjedebatten i Ulstein er nok den saka som engasjerer flest lokalt for tida. Engasjement er ein bra ting. Det fører til diskusjon, som igjen fører til refleksjon. Akkurat som elevane i skulen treng vi å vere flinkare på å reflektere. Ein god refleksjonsprosess vil nemlig med tida gi ny innsikt, og vi kjem klokare ut av det. Det gjeld ikkje denne saka. Vi kjem oss ikkje dit. Vi har engasjement - det fører til diskusjon, men i neste fase fører det brått til krangling. Vaksne folk tyr til personangrep i offentlige lesarinnlegg og i diskusjonsforum på nettet - og det fordi folket vil bygge ei ny kyrkje. Sjølvsagt er det ikkje alle som vil det, men dei som faktisk ynskjer det får verkeleg gjennomgå hetsande landeplager som ikkje ser ut til å forsvinne med det første. Den siste veka har eg notert meg noko av det folk har skrive på nettet. Dette er sitat frå vaksne folk. “Du er ikkje klok”. “Dei kristne har blitt sprø”. “Heile kyrkja er latterleg” . I forrige veke blei til og med soknepresten hengt ut for å ha ytra si meining opp i det heile. Kor smålig går det an å bli før ein er uforskamma? Er det rart det fins mobbing i skulen? Med eit raskt blikk på det som vert ytra i denne saka vil eg påstå at svaret er nei.

Demokratiet fungerer slik at vi alle skal kunne ytre meiningane våre. Nokre gonger er vi ueinige med kvarandre, men vi slepp vel ikkje laus eit steinras av nedlatande ord om kvarandre av den grunn? Her må vi for alvór ta oss sammen. Det er ikkje slik at dei som ynskjer å bygge ny kyrkje fornekter at barneskulen er for dårleg. Det er ikkje slik at dei som ynskjer ny kyrkje “stjeler frå dei fattige”, som nokon var så freidig å hevde. Som ordførar Knut Erik Engh skreiv, så er ikkje timinga heilt ideell. Det har den nok helder aldri vore, og det kjem den aldri til å bli. Engasjementet til folket som ynskjer ny kyrkje er difor eit rop om å sette sakene i sving. Kommuna må i dag gjere dei prioriteringane dei må, men ein kan jo like fullt meine at det er behov for ei ny kyrkje på lang sikt utan å bli verbalt nedsteina? For at behovet skal kome fram må engasjementet vere der og halde trykket. Dette gjeld alt som skal brukast pengar på. Ulstein Arena hadde aldri blitt bygd dersom det ikkje var engasjement for det. Difor er det synd at tilhengarane av ny kyrkje skal bli straffa for sitt engasjement med hagl og syre frå Sodoma i staden for å møte eit hyggelig Go’morra.

På facebook fekk forøvrig ordføraren skryt for å klare å tenke to tankar samtidig. Han erkjenner at kyrkja sine lokaler treng fornying, men er klar på at det kanskje er ein ting eller to som må prioriterast først. Skal tru om motstandarane av nytt kyrkjebygg klarer å ta andre sitt perspektiv og sjå det relle behovet for ny kyrkje sjølv om dei ikkje er aktive brukarar, dersom det heile blir satt inn i eit meir langsiktig perspektiv? Og med det same vere litt mindre påståelige for kven som veit om kyrkja er god nok eller ikkje?

Å nytte eit 170 år gammalt lokale er utfordrande. Det skulle berre mangle med litt engasjement. La dette engasjementet leve sjølv om du ikkje er samd i det som vert uttrykt. Ikkje gå til angrep mot kvarandre. Det skulle ikkje vere nødvendig å seie til vaksne folk at dei må tenke seg om to gongar før ein seier noko dumt. Lat no julefreden senke seg medan vi tenker oss om ein gong til. For jula feirer du vel sjølv om du ikkje trur på kva den handlar om.

Ruben Voldsund,

Ungdomsarbeidar i Ulstein Sokn

Vil du ta del i debatten? Send dine lesarbrev til redaksjon@vikebladet.no